PILEGRIM - glutenfritt
- Pale Ale/Lyst engelsk øl 4,5%
Pilegrim er ein lys og frisk engelsk bitter i Yorkshire-stil og det aller fyrste ølet som vart bryggja på Kinn Bryggeri i starten i 2009. Bitterheita er tydeleg og humlearomaen er frisk. Vi brukar hovudsakleg tradisjonelle engelske humlesortar (East Kent Goldings og Fuggles), for å gi den rette blandinga av krydder, jord og blomster. I tillegg gjev vi Pilegrim eit lite løft av amerikanske sitrustonar i aromaen med Centennial og Amarillo. Pilegrim blir tilsett eit enzym som bryt ned gluten frå bygg og er eit glutenfritt øl (<20 ppm). Passar fint til lyst kjøt, pizza, pasta og ikkje altfor sterkt krydra mat.
Malt: Pils- og karamellmalt
Humle: Northern Brewer, Fuggles, EKG og Amarillo
Gjær: WLP066 London Fog
Øltype : Pale Ale/Lyst engelsk øl 4,5% | ||||
Alkohol | Bitterheit | Vørterstyrke | Temperatur | Farge |
4,5% | 28 IBU | 11,3 °P | 8-12 °C |
Øltype : | ||||
Alkohol | 4,5% | |||
Bitterheit | 28 IBU | |||
Vørterstyrke | 11,3 P° | |||
Temperatur | 8-12 C° | |||
Farge |
Størrelse: 33 cl flaske og 20 l keykeg
Varenummer: EPD: 5271481/ Coop: 7074254
Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.