KINN PILS
- Lyst Lagerøl 4,5%
Kinn Pils er stilmessig ein blanding av klassisk tysk og tjekkisk pils. Vi brukar tysk malt og humle, men ølet er gjæra med tjekkisk gjær. I Tyskland må eit lyst lagerøl være filtrert før ein kallar det for pils, men i Tjekkia er dei beste variantane ufiltrerte. Kinn Pils er sjølvsagt ufiltrert og ettergjæra på flaska, for å bevare mest mogeleg av dei fine smaksnyansane frå dei gode råvarene og den lange, kalde gjæringsprosessen. Det tek lang tid å lage eit godt lagerøl, og vi gjer ingen kompromiss med Kinn Pils: Primærgjæring ved 10 °C og inntil 2 mnd kaldlagring rundt frysepunktet på tank før ølet blir tappa på flasker. Dette er ølet for deg som ynskjer eit lett og friskt øl, som likevel er spanande. Fint å ha for handa når du syntest det har blitt litt for mykje trippel Indiaøl og sterke stautar i det siste. Ikkje tilgjengeleg i daglegvare. Kun på Horeca på 33 cl og 30 l keykegs.
Malt: Pilsner og Münchener malt
Humle: Magnum og Hallertau Mittelfrüh
Gjær: Fermentis 34/70
Øltype : Lyst Lagerøl 4,5% | ||||
Alkohol | Bitterheit | Vørterstyrke | Temperatur | Farge |
4,5 | 36 IBU | 10.7 °P | 6 - 8 °C |
Øltype : | ||||
Alkohol | 4,5 | |||
Bitterheit | 36 IBU | |||
Vørterstyrke | 10.7 P° | |||
Temperatur | 6 - 8 C° | |||
Farge |
Størrelse: 33 cl flaske og 30 l keykeg
Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.