Kinn Bryggeri søker ny bryggar

Kinn Bryggeri er eit familieeigd og uavhengig handverksbryggeri i Florø som fokuserer på å lage smaksrike øl med tradisjonelle metodar som open gjæring og flaskemodning. Vi lagar ei lang rekke øl som har blitt moderne klassikarar som Vestkyst, Bøvelen og Svartekunst. Vi har også ein bryggeripub på Vesle Kinn i sentrum av Florø, der vi har fatlagringsprosjektet vårt. Vi produserer i dag på to anlegg: eit 35 hl fullautomatisk 4-kar system i Bjørndalvegen, eit manuelt 8 hl system på Vesle Kinn og ei flasketappelinje for 4000 bph.

Frå april av har vi ledig stilling som bryggar. Du vil jobbe tett saman med våre to andre bryggarar og produksjonssjefen. Her vil det være ein rotasjon mellom brygging, kjellararbeid og tapping. Det kan også være aktuelt med arbeid på festivalar og andre arrangement. Vi søkjer primært ein person med utdanning og erfaring innan faget. God teknisk/mekanisk forståing og kompetanse vil også være ein fordel.

Spørsmål kan rettast til:
Dagleg leiar Espen Lothe el@kinn.no 47933191 
Produksjonssjef Eskild Bergan eb@kinn.no 90677470

Send søknad med CV til el@kinn.no innan 7. februar.

Publisert: 25.01.2021 13:11