Tilsette

Kinn Bryggeri har ein samansett arbeidsstokk som har kompetanse på mange ulike felt. Saman har vi det kjekt på jobb og får til mykje bra!

Espen Lothe

Espen er grunnleggaren av Kinn Bryggeri. I 2009 starta han opp Kinn Bryggeri i eit 80 m2 stort lokale i hovudgata i Florø. Han har stor lidenskap for godt øl og god mat. Espen er lektor i biologi, men etter å ha jobba som lærar i nokre år og bryggja heime på kjøkkenet i endå fleire år, bestemte han seg for å gjere hobbyen til levebrød. Målet til Espen er å lage godt øl og forkynne ølkultur.

Ann-Magritt

Ann-Magritt er Espen sin medsamansvorne i Kinn Bryggeri, og har vore støttespelar heile vegen. Frå hausten 2014 var ho på plass i administrasjonen, og har marknad og sal som sitt felt. Ho har studert fransk, spansk, tysk, ulike samfunnsfag og har jobba som lærar i mange år.

Knut Eikeland

Knut er ein ganske så aktiv styreformann i Kinn Bryggeri. Knut si oppgåve er å bidra til at vi, i tillegg til å bryggje godt øl, også utviklar Kinn Bryggeri som bedrift. Knut er økonom med variert bakgrunn, mellom anna som ein av gründerane bak IT-bedrifta Mercatus i Florø.

Andrew Rathband

Skotten Andrew er uteksaminert frå Heriot Watt Brewing and Distilling BSc course i 2009. Etter å ha reist rundt på New Zealand drog han til Canada der han jobba 3 år på forskjellige bryggeri frå Vancouver til Nova Scotia. Han fekk seg jobb som Head brewer på Voss Bryggeri der han blei introdusert for kveik og einer. Etter å ha vore ei kort stund vekke frå Noreg begynte han hos Kinn i mai 2018. Andrew spelar ikkje sekkepipe.

Ulf

Ulf kom med på Kinn-laget vinteren 2015. Han har fotograf – og journalistbakgrunn, men skifta retning og blei sertifisert bryggerimeister ved VLB i Berlin. Ulf er bryggjar hos Kinn.

Odin Blomset

Heimebryggjaren og trønderen Odin byrja som vikar i produksjonen sommaren 2017 og blei verande hos Kinn. Han har tidlegare jobba på fleire heimebryggjarbutikkar i tillegg til å ta ein bachelor i molekylærbiologi. Odin held for tida på med å ta utdanninga «Brewing and destilling» på Harriot Watt i Edinburgh, samtidig som han jobbar i produksjonen og med diverse prosjekt på testbryggeriet. Du finn han òg bak tappekranene på ølkaféen Vesle Kinn.

Tadas Dobilas

Tadas Dobilas har hovudfag i prosesskjemi, lang jobberfaring frå meieri og bryggeri, samt bryggerimeisterutdanning frå Den Skandinaviske Bryggerihøgskulen i København. Han har vore med på laget sidan 2013 og er sentral i den daglege drifta av vørterpanna og tappelinja.

Børge

Børge flytta heim til Florø for å jobbe i Kinn Bryggeri våren 2015. Han har utdanning innafor marknadskommunikasjon. Børge er den som har kontroll på alt ølet som går ut frå bryggeriet, og han jobbar elles med sal og marknad.

Thomas

Heimebryggjaren Thomas byrja som sommarvikar på kontoret i 2014 og fekk jobb som seljar vinteren 2015. Han held forskjellige arrangement og opplæring på restaurantar og serveringsstader. Vidare held han kontakten med nye og gamle kundar. Hausten 2017 blei Thomas Salssjef for uteliv. Thomas er utdanna innafor marknadsføring og økonomi.

LingWu Zeng

LingWu begynte å jobbe som logistikkoordinator våren 2019. Med 11 års erfaring frå lagerarbeid og med logistikkutdanning i ryggen er han godt rusta til å holde orden i reolane, få sendt Kinn-ølet ut i verda og motta varer. Ordnung muss sein!

Oda

Oda har vært Kinn Bryggeri sin faste designar sidan oppstarten. Ho har illustrert og designa Kinn sin visuelle profil, og har sidan jobba for diverse andre bedrifter. Oda er utdanna i Visuell Kommunikasjon frå Birmingham Institute of Art and Design i England. www.odavalle.com