Dampen

Amerikansk dampøl 4,5%

Dampen

Amerikansk dampøl 4,5%

Klassikaren innan denne ølstilen er sjølvsagt Anchor Steam Beer frå San Francisco, og Dampen er bygd over denne lesten.

På same måte som originalen, er Dampen gjæra med lagergjær på høg temperatur. Dette for å få moderat fruktigheit frå gjæringa og eit godt maltpreg. Dampen har ein fin balanse mellom humle og malt, men med ein liten overvekt på humle. Vi brukar hovudsakleg tysk Northern Brewer humle i dette ølet, men blandar inn litt amerikansk Cascade på slutten av kokinga. Humlevalet gir eit øl med rein bittersmak og ein lett krydra aroma med tonar av tre, sitrus, mint og solbær. Maltblandinga til Dampen er pilsner- og karamellmalt. Dette ølet vart fyrste gong bryggja til fjordabåtfestivalen Fjordsteam i Florø i 2010, men vart raskt eit fast produkt. Det er den lokale fjordabåten Atløy som har stått modell for etiketten. Dampen er eit svært allsidig matøl til mange rettar og taklar godt både krydder og feitt.

Malt: Pilsner malt og karamellmalt
Humle: Hallertau Northern Brewer og Cascade
Gjær: WLP066 London Fog

Dampen passar til:

Øltype:

Amerikansk dampøl 4,5%

Alkohol

4,5 %%

Bitterheit

30 IBU

Vørterstyrke

11,2 °P

Temperatur

8-12 °C

Farge

Størrelse:

75 cl flaske og 20 l keykeg

Vinmonopolet:

EPD: 12x75 cl: 4777256/ Coop: 75 cl: 7074245

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.